Landsdekkende statistikk for 2008
Antall kvinner som oppsøker krisesentrene fortsetter å gå noe ned, mens botiden på sentrene øker. Andelen kvinner med innvandrerbakgrunn har aldri vært høyere, og er i 2008 på nesten 60 prosent.
Bufetat skriver om rapporten:
Tall frå ein ny rapport viser at om lag 1746 personar budde på eit krisesenter ein eller fleire gonger i løpet av 2008. Nær alle bebuarane var kvinner, berre fire var menn. Rapporten er utarbeidd av Sentio Research Norge AS, på oppdrag frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir).
Nesten halvparten av bebuarane (49 prosent) hadde med seg born til krisesenteret, og dette er fire prosent fleire enn i 2007. Tilsaman var det minst 1506 born som kom til eit krisesenter i følgje med mor i 2008.
- At nesten halvparten av kvinnene som oppsøkjer krisesentra har med seg born, inneber eit stort ansvar for dei tilsette ved krisesentra. Desse borna har behov for eiga oppfølgjing, og sentra må ta initiativ til samarbeid med til dømes barnevernet, seier avdelingsdirektør Kjetil Horgmo i Bufdir.
Fleirtalet av kvinnene ved norske krisesentre i 2008 hadde innvandrarbakgrunn. Andelen har auka jamnt dei siste åra, frå 45 prosent i 2003 til 59,5 prosent i 2008. Kvinner med innvandrarbakgrunn bur lengre på sentra enn kvinner utan slik bakgrunn, i gjennomsnitt 36 mot 22 døgn.
Krisesentra gjev råd, støtte og rettleiing til personar som har vorte utsatt for vald i nære relasjonar, i tillegg til ein mellombels plass å bu. På dagtid var det i fjor 2286 personar som oppsøkte krisesentra for oppfølgjing og samtaler. Hjå dagbrukarane er det dei norske brukarane som er i fleirtall med 55 prosent, men brukarar med utanlandsk bakgrunn er aukande også her.
Rapporten kan lastes ned her.
Sist oppdatert: 20.09.2009 16:40